Frøyså idrettsplass

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Frøyså idrettsplass 2015.

Frøyså idrettsplass er idrettsanlegget i Iveland. Det ligg på Frøyså, omtrent midtvegs mellom Birketveit og Skaiå. Anlegget inneheld fotballbane med grasdekke, friidrettsanlegg med polytandekke og 150 meters løpebanar, og eit kombinert garderobe-/redskapsbygg. Ei stor oppgradering og modernisering av den gamle banen starta i 2008, og heile anlegget slik det står i dag vart offisielt opna 28. august 2010. Økonomiske midlar til utbygginga kom mellom anna frå Bjarne Dalane m/fleire sitt legat. Mykje av det praktiske arbeidet med det nye anlegget vart gjort på dugnad av engasjerte bygdefolk.

Kjelder[rediger]