Fånekleivsmarsjen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
(Omdirigert fra Fånefjellsmarsjen)
Hopp til: navigasjon, søk

Click on the flag for english version.

Utsikt frå toppen av Lisle Fånefjell. Bernesodden nærast med Longerak i bakgrunnen. Frøyrakshorgi til høgre.
Astrid Andersen og to born på veg opp kleiva i 2010.
Foto: Tonje Langerak
Bodil Langerak, Håvard Jakobsen og sonen i 2011.
Foto: Tonje Langerak

Fånekleivsmarsjen er ein turmarsj på omlag 4 km over Fånekleiva. Marsjen går over ein av dei gamle vegane over kleiva, den gamle postvegen frå 1840-åra, og er ein fin tur for alle aldersgrupper. Bygland Bygdekvinnelag tok initiativet til marsjen i 1978,[1] og sidan har marsjen gått opp Fånekleiva med start og slutt på sørsida av Fånefjellstunnelen siste sundagen i juni kvart år. Bygdekvinnelaget skipar til natursti med utgangspunkt i lokalt planteliv i samband med turmarsjen, og på toppen av fjellet kan ein ta ein avstikkar ut på utsiktsplassen som er stelt til. Det vert gjeve diplom og jakkemerke til alle som gjennomfører turen første gongen, og seinare er det ulike utmerkingar kvar femte gong. Start og påmelding er i regelen mellom klokka 13 og 14.

2015[rediger]

I 2015 var det 91 deltakarar. Fleire av desse var deltakarar frå Nordisk strikkesymposium 2015Revsnes Hotell, slik at marsjen hadde deltakarar frå alle nordiske land dette året. 35 av turgåarane gjekk marsjen for første gong. Nora Mathea Borgi vart trekt ut som vinnar av deltakarstaken. Familiane Dvergsnes og Eidem fekk naturstistaken som felleseige. Seks deltakarar fekk 5-årsmerke: Ellen Abusland, Christian Barstad, Pål Erik Omnes, Sigbjørn Sandnes, Aasa Sordal og Ingrid Aabel. Tre deltakarar gjorde seg fortende til 10-årsstaken: Olav Sordal, Susanne Haugen Barstad og Jørund Greibrokk. To stykker fekk 15-årsmerket: Mari Abusland og Mona Sandnes.[2]

2013[rediger]

I 2013 var det 83 deltakarar, av desse var det 38 som gjekk turen for fyrste gong. Martin Aslaksen fekk Deltakarstaken for 2013 etter loddtrekning mellom alle deltakarane. Tone Omnes frå Grendi, Anne Berit Honnemyr og Finn Honnemyr frå Vennesla fekk alle Tjueårsstake. Steffen Lund, Anne Bakke og Sigrid Upsal fekk Tiårsstakar. Turid Greibrokk vann Naturstistaken frå Glashytta.[3]

2008[rediger]

Dette året var det 82 som gjekk marsjen i godt turver. Thor Skjevrak og Tone Omnes gjekk marsjen for 15. gong dette året og Bodil Langerak og Anette Lund for 10. gong. Anne Attestog Graven var ein av to med alt rett i den innlagde naturstien og vart trekt ut som vinnar. Og då alle var vel i mål, kom regnet.[4]

1998[rediger]

Bare ein gong har det ikkje vore mogleg å ha marsjen der, det var i 1998, då det hadde vore flaum og vegen over fjellet var øydelagt av stein og grusras. Det året gjekk turmarsjen på Landeskogen.

Kjelder[rediger]

  1. Vevstad, Andreas: Aust-Agder Bondekvinnelag 50 år (1936 – 1986), Arendal 1986, s. 136
  2. Magnhild Rygg, 91 gjekk Fånekleivmarsjen, artikkel i Setesdølen nr. 55, 2015, side 4
  3. Magnhild Rygg: Fånekleivsmarsjen 2013. Artikkel i Setesdølen nr. 53, 2013 side 8
  4. 82 gjekk Fånekleivmarsjen. Artikkel i Setesdølen nr. 52, 2008 side 10

Kart[rediger]

Her går Fånekleivsmarsjen:

Laster kart...