Bernesodden

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Bernesodden stikk ut i fjorden på austsida av Frøyrakshorgi.
Sørsida av odden.
Foto: Geir Daasvatn

Bernesodden er eit lite og lågt nes som stikk ut i Byglandsfjorden frå Frøyrakshorgi nord for Frøyrak i Bygland.

Namnet på elva Otra skal kome av dyret oter. Etter gamle segn skal det kome av åsryggen - Frøyrakshorgi - som «stenger» dalen her. «Aa stundom, itt det ligg´e noko snjór´e av ljos aa skuggji fedde rett, so likjest aasen ein store ottre som krabbar seg fram aust´atí, aa fyri renner dei tvai smaa ungann hass. Ja so sa da gamle, at dette var upphavet ti nomno Otre aa Otredal», skriv Gunnar Rysstad. Bernesodden må vel då i tilfelle vere dei to små ungane til oteren.

Kjelder

  • Gunnar Rysstad, Natur og folkekarakter, Norske Bygder - Setesdalen, utgjeve 1921, s. 10
  • Oppslag på Otra i nettutgåva av Store Norske Leksikon 14. mai 2015
  • Kommunekart.com