Nordisk strikkesymposium 2015

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Click on the flag for english version.

Nordisk strikkesymposium 2015 finn stad 28. juni til 4. juli, og hev sin base på Revsnes Hotell og medan aktivitetane er lokalisera på fleire stader i Setesdal. 14. januar vart eit møte, der spiting var velkomment, halde på hotellet, og nedanståande artikkel gitt til Setesdølen. Diverre har dei ikkje hatt rom til å ta han inn. Arrangementet er eit samarbeid mellom Bygland husflidslag og Norges husflidslag med Annemor Sundbø som ansvarleg for programmet, koordinator og kontaktperson. Friviljuge trengs, og dei kan og kontakta Signe Berit Sollien Haugå.

Preludium til ei eventyrreise i kofteland[rediger]

Annemor fortel om planane.
Kvinner frå heile Sørlandet lya interessert medan dei spita – men kvar var karfolka?

Onsdag 14. januar møttest 35 håndarbeidsglade kvinner frå Åseral, Kristiansand, Grimstad, Arendal og Setesdal på Revsnes hotell for å få vita meir om Nordisk Strikkesymposium 2015. Dette har den engelske tittelen «A knitting tale safari to a Nordic sweater reunion». Ei heil veke til endes er planlagd for deltakarane, og staden og tida er Setesdal 28. juni til 4. juli. Det er andre gongen dette finn stad i Noreg - og på Agder.

Medan dei frammøtte spiste god suppe og nybakte rundstykker, fortalde Annemor Sundbø meir om planane og tankane rundt det som hender den veka. Om spitarane på dette møtet hadde kome langvegs frå, reiser deltakarane endå lengre. Folk frå Korea, Japan og Nederland har allereie meldt seg på. Basen vert Revsnes hotell, og det er venta rundt 120 deltakarar frå 10-15 land. Det er og mogleg å få med seg ei og anna forelesning eller kanskje eit kurs, sjølv om ein ikkje blir med på heile symposiet – der det er ledige plassar, vil bilettar bli lagde ut for sal. Det trengst og mange hender til eit slik arrangement, og Annemor og Signe Berit høyrer gjerne frå deg om du vil hjelpe til.

At dalen okkos hev ein rik tradisjon for handarbeid er noko som deltakarane vil få erfare. Programmet er enno ikkje heilt ferdig, men det vil bli tur til Ose med marknad, strikkekafe og presentasjonar på onsdag. Bjoren går til Bygland torsdag, og fredag vitjast Valle og Setesdalsmuseet, Hasla og Husfliden. Laurdagen, på heimvegen for mange av deltakarane, er det mogleg å vitja mellom anna Sjølingstad Uldvarefabrik. Og da er ikkje kursa, kåseria og forelesningane nemnde! På marknaden er det mogleg for (lokale) (kunst)handverkarar å vise og selje produkta sine, og det vil truleg og bli nokre boder på hotellet.

Annemor fortalde at foredraga mellom anna ville omhandla mønster og teknikkar frå ulike land, som historien om Islendaren og Det Københavnske Compagnie, strikkeindustri-eventyret Oleana, Setesdalsarven etter gome (Carlos og Arne), men og koftegruppa på FaceBook, og strikketradisjonar frå den vesle øya Fair Isle eller heile Baltikum vil ein kunne få vite meir om.

Kursleiarane er både kortreiste og frå langt vekke, det fortel nokre av emnene som Annemor fortalde om: trøyer frå Skåne, Komahogan frå Japan, ullarbeid frå Færøyene, og løyesaum og Mor Astrups strikketeknikk frå Noreg. Det vil og truleg bli ullfarging, karding, brødbaking og reipslaging.

Sjå også[rediger]

Eksterne lekkjer[rediger]