Lisle Fånefjell

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Utsyn sørover mot Longerak frå Lisle Fånefjell.
Lisle Fånefjell sett frå Longerak ca 1920. Ein ser tydeleg korleis fjellet stengde for ferdsla i eldre tider. Den bratte Fånekleiva gjekk opp skaret mellom Lisle Fånefjell og det mykje høgare Fånefjellet i høgre biletkant.
Foto: Frå Byglandskalenderen 1988

Lisle Fånefjell er eit fjell (351 moh.) på austsida av Byglandsfjorden, mellom Longerak og Lauvdal i Bygland kommune. Eit anna namn på fjellet er Kattedalsheia. Fjellet ligg rett nedanfor (vest for) det mykje høgare Fånefjell (745 moh.).

Lisle Fånefjell går ut som et nes i Byglandsfjorden. På sør-vestsida går fjellsida stupbratt ned i fjorden. Fram til 1923 var det umogeleg å kome forbi her, både til fots og med køyretøy. I staden gjekk trafikken frå 1842 opp den bratte Fånekleiva, mellom Lisle Fånefjell og sjølve Fånefjellet. Vegen forbi Fånefjell vart etter Byklestigen rekna som det vanskelegaste stykket på vegen gjennom Setesdal. Før 1842 og køyrevegen kom, var det rideveg her.

I Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner nemnast kulturminna ved Fånefjell som Fånefjell vegmiljø.

Den gamle vegen opp Fånekleiva nyttast som turveg. På toppen av kleiva er det skilt til rasteplass på sørsida av fjellet. Herfrå har ein eit storslått utsyn sørover Byglandsfjorden. Rasteplassen vart bygd av George Creighton og 42 Field Squadron Corps of Royal Engineers i 2001.

Sjå også[rediger]

Kjelder[rediger]