Evje framhaldsskule
Evje framhaldsskule var eit kommunalt skuletilbod i åra 1946-1964 for ungdom i Evje etter at dei var ferdige med den sjuårige folkeskulen. Skulen heldt til 1957 til på Galteland, i dei bygningane der Setesdals ungdomsskule tidlegare hadde vore. Då flytta han ned til den nye sentralskulen som var bygd på Sindremoen nærare Evje sentrum. Frå 1963 fekk Evje og Hornnes linedelt ungdomsskule, og i 1964 var soga til framhaldsskulen i Evje til endes.
Undervisninga
Skuletypen var regulert i eiga lov, og var ikkje obligatorisk. Elevane gjekk på skulen eitt eller to år. Undervisninga var lagt opp som kurs, først 26 veker i året og seinare 35 veker. Den første tida hadde framhaldsskulen i Evje 19 veker med teoretisk undervisning, og sju veker opplæring i praktiske fag. For gutane var dette sløyd, medan jentene lærte å sy. Frå 1957 var den praktiske opplæringa for jentene delt i eit sykurs på fire veker og eit husstellkurs på tre veker. Dei teoretiske faga var slike som norsk, rekning, engelsk, kristendomskunnskap, geografi og tysk.
Frå 1959 auka skuleåret frå 26 til 35 veker. Frå 1960 var det to kurs i året. Evje og Hornnes var no slegne saman til ein kommune, og skulen hadde elevar fra begge bygdene. Det eine av kursa hadde så mykje teori som lova tillet. På det andre kurset hadde dei praktiske faga større plass.
Nokre lærarar
Nokre elevar
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge i Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 396-398 (kapittelet om framhaldsskulen er truleg skriven av Olav Arne Kleveland)
- Olav Arne Kleveland, Eit år på framhaldsskulen, artikkel i Jol i Setesdal, 2006, s. 28-30