Kirsten Leira

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Kirsten Leira
Kirsten Leira Slottet Oslo 010916.JPG
Kirsten 2016.
Født: 19. mai 1962 (55 år)

Kirsten Leira (født 19. mai 1962) er vertskap turistinformasjon hos Destinasjon Hovden. Ho har ansvar for turistinformasjon og nettstadane hovden.com og setesdal.com. Ho er frå Hvaler og har utdanning innan idrett og friluftsliv frå Høgskolen i Telemark. I 1989 vart ho rekruttert til Hovden Høyfjellsenter og sidan har ho vore på Hovden. Ho har og arbeidd på Hovden videregåande skule og før ho i 2000 starta i Destinasjon Hovden.

Utanom jobben har ho vore aktiv i Hovdenrevyen sidan 1990, men frå 2012 har ho redusert dette engasjementet. 17. mai 2014 fekk ho Bykle kommune sin kulturpris. Då sa ordførar Jon Rolf Næss: «-Kirsten betyr uendeleg mykje for bygda. Ho stiller som organisator og dugnadsarbeidar same kva ein spør henne om. Eldsjeler som henne kan ikkje eit lite samfunn klare seg utan. Kirsten legg like mykje av seg sjølv i prosjekta om det er mindre happeningar eller store idrettsarrangement. Stort og smått som går føre seg i bygdene krev organisering og innsats. Menneske som Kirsten Leira er garantisten for at me får det til. Utan folk som henne blir me fattige på kultur.»[1]

Kjelde[rediger]

Referanser[rediger]

  1. Ole Birger Lien: Bykle med kulturpris til eit ekte ja-menneske. Artikkel i Setesdølen nr. 43, 2014 side 2