Bykle & Hovden Vekst

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Bykle og Hovden Vekst AS er eit heileigd kommunalt selskap. Selskapet skal arbeide med nyskaping og vidareutvikling av eit aktivt næringsliv i Bykle kommune. Reiseliv er hovudnæringa i kommunen, med Hovden som veletablert turistsenter.

Selskapet har driftsansvar for fleire ulike næringsbygg og arbeider med nyetableringar og vidareutvikling av eksisterande næringsliv. Men det har også oppgåver som er meir prega av samfunnsutvikling. Selskapet deltek i fleire utviklingsprosjekt.

Bykle og Hovden Vekst AS har tre tilsette. Dagleg leiar er Kjell Pedersen-Rise. Selskapet har to prosjektleiarar, Ingvild Hovden og Jostein Rysstad. Dei har kontor i næringsbygget ved sida av rådhuset i Bykle.

Eksterne lenker[rediger]