Den gamle byvegen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Brukara etter steinbrua som gjekk over GymsånaLauvland i Evje.

Den gamle byvegen var ein ride- og kløvveg som gjekk på austsida av Otra frå Vassend gjennom Evje, Iveland og Vennesla til Kristiansand.

Historie

Vegen var truleg i bruk frå Kristiansand blei grunnlagt til rundt 1840, då den nye Postvegen tok over det meste av ferdsla. Nokre delar av vegen var i bruk endå lengre, heilt til byrjinga av 1900-talet. Vegen følgde for ein stor del heiane sørover mot byen, og låg ikkje nede i dalbotnen slik dei fleste vegane gjer i dag.

Dei fleste setesdølane på bytur følgde truleg vegane på vestsida av Otra sørover mot Kristiansand. Den mest kjende er Fjellmannsvegen.[1] Men det finst mange vitnesbyrd om at dei nokre gonger også brukte kløvvegen gjennom Evje og Iveland.

Vegen gjennom Bygland

Smiesvingstien med tydelege spor etter den gamle ride- og kløvvegen.
Ved Ytre Li er vegen godt synleg. I det skrånande terrenget er det bygd opp ein solid mur.
Foto: Geir Daasvatn

Det er tydelege spor etter den gamle kløvvegen frå Sandviksbukta og Smiesvingen rett sør for Revsnes Hotell.[2] Lokalhistorikaren Reidar Tveito har kalla vegen for Smiesvingstien her. Eit anna brukt namn er Den gamle kyrkjevegen. Folk i området nytta vegen når dei skulle sørover til Evje kyrkje eller nordover til Årdal kyrkje i Grendi.[3]

Vegen gjennom Evje

Frå Bjorå gjekk vegen opp dalsida ved Gausa forbi Deknefallet og nordsida av Gausemyra til garden Lauvland.[4] [5] Frå Lauvland svinga vegen sørover. Det første stykket gjekk han på vestsida og nokonlunde parallelt med dagens Fylkesveg 292. Eit stykke før Gymsåna kryssa han Fv-292 og kom over elva på bru om lag 10 m aust for fylkesvegen.[6] [7]

Frå Øvre Li gjekk vegen 400-500 m i same trasé som gardsvegen til Ytre Li. Han tok av til venstre frå gardsvegen og gjekk i sør-austleg retning ned til bekken som kjem frå Litjørna. På andre sida av bekken gekk han opp ein bratt skråning. Her er det tydelege steinmurar eter vegen.

Vegen gjennom Iveland

Vegen gjennom Vennesla

Litteratur

Referansar

  1. Den gamle byvegen, kapittel 1 - Innledning
  2. Ridesti og gamle vegspor omkring Byglandsfjord, side 18
  3. Ridesti og gamle vegspor omkring Byglandsfjord, side 13
  4. Den gamle byvegen, kapittel 3
  5. Lokalhistoriske perler. På tur med Oddmund Mogstad, side 207
  6. Den gamle byvegen, kapittel 3
  7. Lokalhistoriske perler. På tur med Oddmund Mogstad, side 207