Li, Nedre (Evje og Hornnes gnr. 40)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Dei gamle bustadhusa på garden står fortsatt. Etter låven står bare grunnmuren att.
Foto: Geir Daasvatn

Li, Nedre er ein gard (gnr. 40) på heia sør-aust i Evje og Hornnes, mot grensa til Iveland. Garden er fråflytta i dag, men det budde folk her minst til 1950-talet og truleg lenger. Det går skogsbilveg inn til garden frå Fylkesveg 292 (Livegen) ved Li, Øvre. Vidare frå Li, Nedre går ein gamal gardsveg vestover til Landsverk-garden. Ca 300 meter nord-vest for husa ligg det ei nedlagd gruve. Langs bekken som renn frå Lie til Landsverk og vidare ut i Klepsåna er det fleire kulturminne, mellom anna restar etter sagbruk og kvern.

Kjelder

  • Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, utgjeve av Norsk Faglitteratur, 1956, side 207
  • Geir Daasvatn, tur i området

Kart

Laster kart...