Anne Reidun Lund

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Anne Reidun Lund
Født: 15. november 1944
Død: 27. desember 2015 (71 år)

Anne Reidun Lund (fødd 15. november 1944, død 27. desember 2015) budde på Bygland. Ho etterlet seg mannen Harald Inge Lund, barna Bjørn Helge Lund, Karin Irene Lund og Laila Caroline Lund, svigerbarn, barnebarn og annan familie. Gravferda var frå Bygland kyrkje fredag 8. januar 2016 klokka 12. Like kjært som blomar var ei gåve til Byglandsheimen. Etter gravferda var alle velkomne til minnesamvær på Vonheim Bygland.

Som ung tok ho handelsskule i Mandal og arbeidde der ei tid før ho kom heim att til Bygland. Der arbeidde ho på Solvik turistheim før ho overtok etter mor si som reinhaldar på legekontoret på Bygland. Deretter arbeidde ho på Byglandsheimen i 35-40 år, ho heldt også fram der etter at ho var blitt pensjonist. I 1969 etablerte ho og mannen seg i Prestlidi på Bygland. Der gledde dei seg mykje over hagen, men ho var eit aktivt menneske også utanfor heimen. Ho var med i Bygland sokneråd og diakoniutvalet, Bygland Dramatiske Selskab og Bygland Bygdekvinnelag og støtta både Framsteg 4H og Bygland Hornmusikk.

Kjelder[rediger]