Fjordgløtt rekkebustad

Fjordgløtt, tidlegare «Breidablikk Appartments», var ei tømra husværerekke i sentrum av Byglandsfjord. Dei 6 bustadane var sett opp av maskinlafta tømmer vinteren 1980, og høyrde opphaveleg til Breidablikk Kro, og var meint til utleige for turistar. Dei var ei tid på tale som aldersbustadar utan at dette vart noko av, og i ein periode husa bygget chilenske asylsøkjarar. Seinare eigar har seld eller leigd ut bustadane kvar for seg.
Brann
Natt til onsdag 5. desember 2012 braut det ut brann i eit av husværa, som spreidde seg til neste bustad innan brannmannskap frå Setesdal Brannvesen, frå Byglandsfjord, Evje og Bygland fekk kontroll over brannen. Det budde folk i desse to husværa, medan tri av dei andre var tome denne natta. Ingen vart alvorleg skadd under brannen, men brannfolka hadde ein sur jobb med sløkking i 12 kuldegradar. Doble skiljeveggar av tømmer mellom husværa har nok vore ei bremse for spreiing av brannen, som tok til i enden av rekkja nærast Jernbanegata. Varmen gjorde òg skade på næraste grannehus mot vest, med svidd måling, fleire knusa vindauga, og skade på parkera privatbil.
Byggets vidare lagnad
Husværa hadde svært ulikt skadeomfang og hadde fleire eigarar, slik at det var ingen opplagt sak å finna fram til rett erstatning og lagnad for bygget. To av husværa var totalskadde medan dei øvrige hadde røyk og vasskade. Doble tømmerveggar mellom kvar bustad hadde hindra direkte spreiing av brannen, men elden hadde funne veg vidare på utsida av bygget.
Det vart til sist semje om å riva alle 6 bustadane og etterpå setja opp eit nytt bygg på same stad. Rivinga gjekk føre seg mellom 22. og 31. juli 2013, og det var Gunnar Gautland og Rivera P Eiendom som utførde arbeidet. Det tok lengre tid å riva eit slikt tømra bygg enn eit bygg i bindingaverk. Brent og sotut tømmer vart levera som restavfall medan friskt trevirke skulle hoggast til flis og sidan brukast til oppvarming, eller til tildekking av restavfallet på fyllplassen. Takstein, vindauga, isolasjon og andre ting må og sorterast om ein vil koma meir rimeleg i frå det på Setesdal Miljø & Gjenvinning IKS på Syrtveit.