Birkåsen (ås)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Utsyn frå Birkåsen vestover mot Tveit i Hornnes 3. mai 2021.

Birkåsen (Bjørkåsen) er ein liten ås (248 moh.) nord-vest for Bånetjønn, på vestsida av Kvietjønnvegen, på Kjetså i Hornnes. I Hornnes er uttalen av namnet gjerne «Berkjåsen». Namnet skal kome av at det før i tida var ein stor bjørkeskog her. I Birkåsen ligg plassane Birkåsen, Ommunds plass og Hagan. Her skal også ha vore ein plass kalla «Nere-plassen». Gardsgrensa mellom Kjetså og Hornnes går over åsen. Birkåsen, lengst i nord, ligg på Hornnes-grunn. Ommunds plass (i midten) og Hagan (lengst i sør) høyrer til Kjetså.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...