Børtemannsbekken turløype

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Børtemannsbekken turløype er ei turløype ved ByrtemannsbekkenHovden i Bykle. Det er ein merka rundtur som følger begge sider av bekken omlag tre km. Turen går opp over tregrensa og gir fin utsikt mot Hovden landskapsvernområde som bekken grensar til mot nord.

Løypa har moderat stigning utan bratte partier. Men ho kan være utfordrande ved stor vassføring. Ein må då kanskje følge same vegen tilbake til utgangspunktet. Det er inga bru over elva, så ein må vade. Løypa på nordsida har mykje svaberg, og ved regnvær kan det være glatt. På sørsida går løypa på smal sti, og følger same trasé som Turistforeninga si løype til Tjørnbrotbu.

Turen passar for familiar. Men born må ha assistanse ved kryssing av bekken, og må vere under oppsyn av vaksne grunna den stundevise store vassføringa. Turen er markert som krevjande. Men det skuldast bare at bekken må vadast. Elles er terrenget lett å gå i.

Korleis kome dit

Ein kan starte ved parkeringa vis á vis Hovden Fjellstoge. Ein følger vegen forbi Hovden Appartementshotell og inn i Hovdeseter hytteområde. Herfrå er det merka til stien som følger bekken sørover. Alternativt kan ein starte nær Hovden sentrum ved å følge grusveg ved undergangen på Rv-9 ved Hovden Høyfjellsenter. Følg grusvegen forbi Hovden vassverk og inn til Byrtemannsbekken der løypa er merka.

Kjelder

  • Omtale av turløypa på Ut.no

Eksterne lenker

Kart

Kartet viser området rundt Byrtemannsbekken. Zoom for å sjå detaljar.

Laster kart...