Tjørnbrotbu
Tjørnbrotbu er ei turistforeningshytte som Aust-Agder Turistforening har i Bykle kommune. Hytta ligg 1300 meter over havet i Setesdal Austhei, ganske nær grensa til Tokke og Telemark, 14 km og om lag tre timars gange i lett stigande terreng frå Hovden, knappe to kilometer nordaust for Auversvatn. Det er den høgast liggjande turisthytta i Sør-Norge sør for Gaustatoppen.
Korleis kome til hytta
For å kome til hytta kan ein parkere ved Hovden Fjellstoge, der Turistforeninga har avtale om parkering. Så går ein opp til Hovden Appartementshotell og vidare langs Byrtemannsbekken til Gjuvet der ein kryssar bekken på bru og følgjer merka sti til hytta, som ligg på nordsida av Tjørnbrottjørnane. Turistforeninga si løype austover går vidare til Telemark og Byrte. Nordover frå Tjørnbrotbu kan ein følgje merka løype heilt til Haukelisæter. Sørover går løypa til Berdalsbu turisthytte og vidare til Bjørnevasshytta.
Hytta har sjølvstell og 22 senger. Det er lov å ha hundar i sikringshytta.
Historie
Hytta blei oppført i 1972. Det vart då inngått avtale om leige av tomt med AS Sætersdalen. Opninga var våren 1973, samstundes med Berdalsbu.
Kjelder
- Johan Christian Frøstrup (red.), Vandringer i Setesdal Austhei, Friluftsforlaget, 2014, side 70–73
Eksterne lenker
Kart
|}