Alv Halland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Alv Halland
Bilde nr. 8 - Alf Halland - AGK-050108.jpg
Alv Halland i Hornnes kyrkje 24. desember 1972.
Født: 2. februar 1903
Død: 28. august 1981 (78 år)

Alv Halland (fødd i Hornnes 2. februar 1903 og død 28. august 1981) var kyrkjetenar og skogsarbeider.

Alv var ein evnerik gut, og gjekk ut frå engelsklina ved Hornnes landsgymnas i 1926. Men han såg seg ikkje råd med vidare studier. I staden overtok han stillinga som gravar og kyrkjetenar i Hornnes kyrkje som faren Notto Halland hadde hatt til han døydde i 1942. Elles arbeidde han som skogsarbeidar, mest i statsskogane i bygda.

Då faren døydde i 1942 overtok Alv Halland også småbruket Birkåsen etter han. Alv og systera Torborg Halland (født 1900 og død 1979) vart dei siste fastbuande på det lille småbruket.

Heider

  • Norges Vel`s medalje 1962 som påskjøning for arbeidet i statsskogane

Kjelder