Åreholti
Åreholti (Heimre Åreholti) er eit småbruk og ein tidlegare husmannsplass på Rygnestad i Valle. Bruket blei dela frå Systog Rygnestad (bnr. 9) i Nørdre Rygnestad i 1905, og fekk bnr. 10. Olav O. Rygnestad d.y. fekk bruket av far sin. Skjøyte fekk han i 1913. Men då hadde han alt budd med familien i Åreholti ei tid, for alle borna er fødde der.
Dotter av Olav, Helga Rygnestad (f. 1811, d. 1987) tok over Åreholti etter at foreldra var døde. Ho flytta på gamleheimen i Valle rundt 1985. Etter den tid har husa stått tome. Men staden er i bruk som fritidseigedom.
Kjelder[rediger]
- Olav M. Holen, Gråmannen og gråmenn, Bykle 2016, side 79-90
- Alfred Ryningen, Valle kommune VI Gards- og ættesoge Valle, side 348-353
- Olav O. Holen, Olav Åreholt - minne om ein ekte setesdøl, artikkel i Jol i Setesdal 2002, side 12-13