Setesdølen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. mars 2023 kl. 10:04 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Føyd til daglig leder fra 2023 + ei overskrift)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Setesdølen.jpg
Lokala på Bygland
foto:Siri Johannessen
Sigurd Haugsgjerd i arbeid.
foto:Siri Johannessen

Setesdølen er ei avis som har kome ut i Bygland sidan 1975. Avisa har kome ut tysdag og fredag. Men frå 19. januar 2017 kjem ho ut tysdag og torsdag.[1] Avisa vert redigert på nynorsk. Frå desember 2018 er Setesdølen også på nett, både med E-avis og nettavis.

Redaktør er Sigurd Haugsgjerd, som også er den største private eigaren. Han har vore redaktør det meste av tida, men i ein periode då han hadde permisjon for å arbeide i NRK, delte Paal Vollen og Bjørn Mikal Lothe oppgåva som bladstyrar.[2] Dagleg leiar (2023) er Sigrid Åsen Haugsgjerd.

Avisa speglar politikk, kulturliv og næringsliv i Setesdal og dei indre bygder på Agder. At avisa framleis har opplagsauke sjølv om den har opp mot 100% dekning i Setesdal, trur redaktør Sigurd Haugsgjerd kan skuldast at fleire hyttefolk abonnerer på avisa eller kjøper henne. Dei vil fylgje med i det som skjer i området der hytta ligg.

Eigarskap

Kommunane i Setesdal eigde lenge 49% og private 51% av avisa. I dag er kommunane ute på eigarsida. Største aksjonær no er Setesdølen Eigedom AS. Bak selskapet står redaktør Haugsgjerd og forretningsførar Anne Bygland. Resten av aksjane er fordelte på Haugsgjerd og Bygland privat.[3] Avisa er spesiell ved at den har over 100% dekning i utgjevingskommunen.

Redaktørar

Journalistar

Setesdølen har hatt ei rekke journalistar i si teneste.

Opplag

  • 2006: 4 618 [4]
  • 2007: 4 618 [5]
  • 2009: 4 724
  • 2014: 4 408
  • 2015: 4 192[6]
  • 2016: 4 393[7]
  • 2017: 4 145[8]
  • 2018: 4 076[9]
  • 2019: 3 987[10]
  • 2020: 3 930 (første halvår) [11]
  • 2020: 4 007 (andre halvår) [12]

Sjå også

Ekstern lenke

Referansar