Helge Arild Bolstad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Helge Arild Bolstad
Født: 22. januar 1946
Død: 5. april 2015 (69 år)

Helge Arild Bolstad (fødd 22. januar 1946 på Dale i Vaksdal kommune i Hordaland, død 5. april 2015) var den første redaktøren av Setesdølen. Han tok artium på Bergen Katedralskole i 1966 og begynte så å studere jus på Universitetet i Oslo. Men i 1970 begynte han som journalist på Nynorsk Pressekontor, der Aani Rysstad jr. var redaktør. Etter fire år der begynte han så som redaktør i Setesdølen i 1975, men han slutta etter mindre enn eitt år og overlet redaktørkrakken til Paal Vollen. Sjølv vart han redaktør for Dag og Tid i 1976 og hadde den jobben til 1985. Deretter var han frilansjournalist eitt år før han fekk seg fast jobb i Bergens Arbeiderblad i 1986. Frå 1987 til 2008 var han i avisa Fiskaren i Bergen. Helge Arild Bolstad skreiv under signaturen -bols.

Bibliografi[rediger]

  • Osmund Faremo: Takk for livet, Emil 1987, skyggeforfattar
  • Dikt og songar til musikkgruppa Aftenlandet, fire songar er med på albumet Morgon i mai, 1998.
  • Plukkfisk – norsk humor i fem akter, eit utval frå humorspalta «Plukkfisk» i Fiskaren, 2002
  • Ann Eileen Ditlevsen Nygård og Ketil Svendsen (red.): Festskrift til den seniore Helge Arild Bolstad. 2008

Kjelde[rediger]

Eksterne lenker[rediger]