Bjørn Mikal Lothe

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bjørn Mikal Lothe
Født: 31. mars 1952
Død: 30. april 2009 (57 år)

Bjørn Mikal Lothe (fødd 31. mars 1952 i Lofthus, død 30. april 2009 i Lofthus) var i 1979 redaktør av Setesdølen saman med Paal Vollen. Dei vikarierte for Sigurd Haugsgjerd, som hadde permisjon for å arbeide i NRK.

Etter realskule i Øystese tok han rekneskapsutdanning ved Sogne Jord- og Hagebruksskule i Aurland før han kom til Bygland som rekneskapsførar på bøndene sitt rekneskapskontor. Sidan tok han eit år med økonomi og ressursforvaltning på Høgskulen i Nord-Trøndelag. Då han kom tilbake til Hardanger, var han jordbrukssjef i Ullensvang og Eidfjord. Han fungerte og som teknisk sjef i kommunen i lange periodar.

Bjørn Mikal Lode representerte SV i kommunestyret i Ullensvang og var medlem av formannskapet. Han var fylkestingsmedlem for SV i Hordaland i 16 år og medlem av fylkesutvalet i 10 år og gruppeleiar for SV desse åra. Han var varamann til Stortinget og møtte nokre gonger i perioden 2003 til 2005. Han var nestleiar i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag i mange år før han blei med i hovudstyret og medlem av forhandlingsdelegasjonen i samband med det sentrale jordbruksoppgjeret.

Han var gift med Tone og dei hadde fire vaksne barn.

Kjelde[rediger]

  • Sigurd Haugsgjerd: Bjørn Mikal Lothe til minne. Minneord i Setesdølen 5. mai 2009 side 2.