Pytten (Bygland gnr. 5 bnr. 9)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. mai 2017 kl. 18:43 av Helland (diskusjon | bidrag) (Kart)
Hopp til navigering Hopp til søk

Pytten er eit nedlagt gardsbruk (gnr. 5 bnr. 9) under garden Nedre Hegland i Bygland. Pytten ligg langt inne i fjellheimen vest for Hegland, ikkje så langt nord for Langevatn i Åseral. Garden er veglaus. Han blei rydda kring 1775, av Jon Jakobsson Tveit. Det var gardsdrift her til 1952. Den siste som budde fast i Pytten var Tone Pytten, syster til dåverande eigar Torjus T. Pytten (1912-1994).

I dag (2017) er det Jan Ove Pytten Flodquist (f. 1979) som eig Pytten. Han er son av Reidun Solveig Pytten (f. 1950) og Frank Arild Flodquist (f. 1950) på Ljosland i Åseral. Reidun er dotter av Torjus T. Pytten.

DNT Sør si turisthytte Josephsbu ligg ved Store Hallvorsvatnet, på Pytten sin grunn. Det vart drive eigen turiststasjon i Pytten i mange år, etter at det var blitt oppført ein bygning nokre hundre meter bortforbi sjølve garden i 1912.

Kjelder

Kart

Laster kart...


🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.