Håkon Torsland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Håkon Torsland
Atelier Haakon.jpg
Atelier og stavkyrkje på Lognavatn i 2008
Født: 15. juli 1935
Død: 25. desember 2012 (77 år)

Håkon Odd Torsland (fødd 15. juli 1935, død 25. desember 2012) budde på Åseralsheimen den siste tida. Han etterlet seg søskena Anton Torsland og Grete, ein svoger og tre svigerinner, nieser og nevøar. gravferda var frå Åknes kapell torsdag 3. januar 2013 klokka 12.

Håkon Torsland var fødd og oppvaksen på Torsland, mora kom frå Bygland og far hans var son til Ola Pytten, sjølv gav han ut ei bok om bestefaren sin. Han bygde opp hotellet Håkonsæter på Lognavatn og dreiv dette i mange år. Men så tok kunstnartrongen over, og etter at han hadde seld hotellet, reiste han til Frankrike for å lære meir som kunstnar. Sidan etablerte han kunstgalleriet Atelier Haakon Aarestove på Lognavatn. Der bygde han og ein modell av ei stavkyrkje. Turstar i bilar og bussar stoppa ofte der og fekk omvisning og ein prat med kunstnaren, som i tillegg til å veve tepper og å male bilete, også skreiv fleire bøker.

Stipend[rediger]

  • Reisestipend frå Vest-Agder fylkeskommune 2007 - 10.000 kroner

Kjelder[rediger]