Nedre Hegland
Hopp til navigering
Hopp til søk
Nedre Hegland er ein gard (gnr. 5) som saman med Øvre Hegland (gnr. 4) utgjer grenda Hegland i Bygland.
Historie
Når Hegland blei delt i to gardar veit ein ikkje sikkert. Men det må ha vore før Svartedauden, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt.
Den første namngjevne personen frå Hegland er Gro Hegland (nemnt 1437). Ein veit ikkje om ho høyrde til Øvre eller Nedre Hegland. I tida før år 1600 kjenner ein to namn frå Nedre Hegland, Svenke Åsulvson og Alv Torjusson. Dei sat då truleg med halve garden kvar. Rundt 1650 var det blitt fire bruk i garden.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind I, utgjeve av Bygland kommune, 2002, side 383–459
- 🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.