Pytten (Bygland gnr. 5 bnr. 9)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Pytten er eit nedlagt gardsbruk (gnr. 5 bnr. 9) under garden Nedre Hegland i Bygland. Pytten ligg langt inne i fjellheimen vest for Hegland, ikkje så langt nord for Langevatn i Åseral. Garden er veglaus. Men i dag går Langevassvegen inn til nordre enden av Langevatn, om lag tre kilometer frå Pytten.

Garden blei rydda kring 1775, av Jon Jakobsson Tveit. Det var gardsdrift her til 1952. Den siste som budde fast i Pytten var Tone Pytten, syster til dåverande eigar Torjus T. Pytten (1912–1994).

I dag (2021) er det Jan Ove Pytten Flodquist (f. 1979) som eig Pytten. Han er son av Reidun Solveig Pytten (f. 1950) og Frank Arild Flodquist (f. 1950) på Ljosland i Åseral. Reidun er dotter av Torjus T. Pytten.

DNT Sør si turisthytte Josephsbu ligg ved Store Hallvorsvatnet, på Pytten sin grunn. Det vart drive eigen turiststasjon i Pytten i mange år, etter at det var blitt oppført ein bygning nokre hundre meter bortforbi sjølve garden i 1912.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...


🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.