Nils Dåsvatn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. januar 2019 kl. 08:10 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke Møkåland)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Dåsvatn
Nils Dåsvatn.jpg
Født: 30. august 1929
Død: 12. januar 2019 (89 år)

Nils Dåsvatn (fødd 30. august 1929, død 12. januar 2019) var lærar og rektor i Kristiansand og Iveland.

Nils var fødd i VoilestøKjetså i Hornnes, og vaks opp på småbruket Farmo litt nærare jernbanestasjonen som var i Hornnes-bygda då. Foreldra var Tomas Daasvatn og Berte Daasvatn (fødd Flystveit). Nils var gift med Gerda Dåsvatn (fødd Homme). Gerda døydde i 2011.

Nils gjekk på Hornnes landsgymnas, og tok artium i 1949. I 1952 tok han lærarskuleeksamen. Han var eitt år som lærar i Luster i Sogn, så fire år i Kvalsund i Finnmark. I 1956 kom han til Kristiansand. Her var han lærar i fleire år. Men dei fleste av åra i Kristiansand var han rektor på tre forskjellige skular; Lahelle, Voie og Slettheia. Familien flytta så til Iveland. I seks år var Nils skulesjef i Iveland kommune.

Etter at Nils vart pensjonist har han vore mykje interessert i lokalhistorie. Han har skrive og fått trykt opp mange småhefte med minna sine frå barndomen i Hornnes og hos familien på Flystveit i Åseral. Han har også skrive om barndomsheimen til kona Gerda, garden Møkjåland i Iveland og ikkje minst eit flott hefte om Iveland bygdeheim. Hefta inneheld særs mykje interessant lokalhistorisk lesestoff, særleg frå 1930- og 1940-talet.

Nils Dåsvatn var omtalt i Fædrelandsvennen 14. mai 2016 i serien Moi møter mennesker, der Øystein Moi hadde laga eit portrett av han med tittelen «Barndomsminne frå Hornnesbygda». Tittelen på artikkelen var henta frå boka med same namn, som Evje og Hornnes Sogelag gav ut i juni 2016.

Den siste tida budde han på Iveland bygdeheim. Han etterlet seg barna Øyvind Dåsvatn og Anne Homme, svigerbarn, barnebarn og annan familie. Gravferda var frå Iveland kyrkje fredag 18. januar 2019 klokka 13. Etter gravferda var det minnesamvær på Iveland bedehus.

Kjelder