Øystein Moi
Øystein Moi![]() | ||
---|---|---|
![]() | ||
Øystein på Dølen Hotel på Evje 2. november 2024. Foto: Geir Daasvatn
| ||
Født: | 3. oktober 1957 (67 år) |
Øystein Moi (fødd 3. oktober 1957) er tilsett som rådgjevar ved Agderkontoret til Norges Bondelag i Kristiansand. Han var tidlegare fargehandlar på Evje, og dreiv deretter som såpeseljar over store delar av Sør-Norge som representant for Herdins AS. Han bur på Moisund i Evje og Hornnes kommune.
Øystein har vore engasjert i lokalpolitikken, og har representert Bygdelista i Evje og Hornnes kommunestyre. Men mest kjent er han truleg som redaktør for bygdebladet moisund.com gjennom ei årrekke, saman med Odd Helge Liestøl. På visittkortet stod då også yrkestittelen redaktør. Det høvde seg så mykje betre enn såpeseljar når ein skulle ut blant skriftlærde folk og lage reportasje til bygdebladet moisund-avis.com eller til moisund.com. Men moisund.com er no lagt ned.
Etter at moisund.com vart lagt ned, starta han serien Moi møter mennesker i Fædrelandsvennen.