Iveland omsorgssenter

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
(Omdirigert fra Iveland bygdeheim)
Hopp til: navigasjon, søk

Iveland omsorgssenter er gamle- og sjukeheimen i Iveland kommune. Han blei fram til 2017 kalla Iveland bygdeheim, og ligg i Fosstveitlia rett nord for kommunesenteret Birketveit. Omsorgssenteret har tilbod om langtidsopphold, mange einerom og fire omsorgsleiligheter samt ny demensavdeling. Han har også fellesstue/spiseavdeling, rom for fysioterapi, behandlingsrom og treningsrom.

Historie[rediger]

Bygdeheimen 18. november 2015. Ei ny utviding er på gong.

Alt før krigen, i 1939, talte bygdefolket i Iveland om ein gamleheim. Arbeidet blei stoppa av krigen, men i 1948 blei det tatt opp igjen. I 1956 blei det gjort vedtak om at heimen skulle heite Iveland bygdeheim. I 1958 blei arbeidet med å bygge heimen lagt ut på anbod. Billegaste anbod var så høgt at det heiter: «Kommunestyret fekk sjokk, og vraka alle anbod.» Det blei sett i gong innsamling av private pengegåver og tilbod om dugnadsarbeid for å få utgiftene ned.

I 1959 kom arbeidet i gong. Olav Honnemyr leia arbeidet. Det blei gjort mykje dugnadsarbeid av bygdefolket. I 1961 stod bygget ferdig. Det var på høg tid, for heimen fekk fullt belegg frå første dag. Det var den gong plass til 14 eldre, og alle fekk enkeltrom. Så Iveland kommune var tidleg ute med høg standard på eldreomsorga.

I 1970-åra var Jorunn Budalshei styrar på bygdeheimen. Ho arbeidde for at Iveland bygdeheim skulle bli eit helsesenter i bygda. Det var ikkje så enkelt å få godkjent sjukeheimstatus for ein så liten kommune som Iveland. Tanken var at dei i Iveland som hadde behov for sjukeheimplass skulle til Evje, der det blei bygd ny sjukeheim på den tida. Men Jorunn Budalshei og Trygve Håverstad greidde å få fylkestinget til å godta at Iveland skulle få sin eigen sjukeheim.

I 1998 blei bygdeheimen utvida. Det vart fleire sengeplassar, og bygd fire omsorgsleiligheter.

«Men du verden som ting forandrar seg!», skriv Nils Dåsvatn i eit mykje fint hefte han har laga om Iveland bygde- og sjukeheim. I 1961 var det tre årsverk ved heimen. I 2012 var det 32 tilsette som utgjorde 18,75 årsverk.

Hausten 2015 vart det sett i gong ei ny utbygging av heimen. Det kom mellom anna ny demensavdeling og nye omsorgsbustader i eit stort tilbygg, og det blei gjort ei generell renovering av det gamle bygget. Kostnaden var rundt 54 millionar kroner. BRG Gruppen var hovudentreprenør. Den «nye» heimen vart opna i februar 2017.

Kjelder[rediger]