Jordalsbø

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. mai 2023 kl. 13:25 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Byttet bilde til bedre kvalitet og lavere oppløsnng)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Jordalsbø 26. mai 2023.
Litt av Jordalsbø sett frå Skreland.
Foto: Geir Daasvatn

Jordalsbø er ei grend i Bygland kommune, omlag tre kilometer nord-aust for Bygland sentrum, mellom Lidi i sør og Skreland i nord. Forbi Jordalsbø i sør renn Søråni. På norsida renn Nordåni. Mellom dei to elvane ligg Jordalsbø.

Seks matrikkelgardar utgjer til saman grenda Jordalsbø: Nørstebø, Kolshus med Attestog, Såghus, Krosstog, Stuttstog og Nerhus.

Fylkesveg 322 går frå Bygland kyrkjebygd til Jordalsbø. Lokalt kallast denne vegen Jordalsvegen.

I gards- og ættesoga for Bygland skriv Reidar Bolling:

«Jordalsbø hallar mot sør-vest med små sletter og bratte bakkar. Jorda er god, djup og moldrik. Men ho er steinut og dyr å dyrke, noko som steinrøyser og steingjerde tydeleg vitnar om».

Historie

Grenda har namn etter den gamle garden Jordal. Han må ha femna om heile det noverande Jordalsbø. Garden var dela i høgmellomalderen, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt.

Kjelder

Kart

Laster kart...