Jordalsbø

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. mai 2023 kl. 09:41 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk
Litt av Jordalsbø sett frå Skreland.
Fil:Jordalsbø Bygland 100417.jpg
Kveld i Jordalsbø 10. april 2017.
Foto: Geir Daasvatn

Jordalsbø er ei grend i Bygland kommune, omlag tre kilometer nord-aust for Bygland sentrum, mellom Lidi i sør og Skreland i nord. Forbi Jordalsbø i sør renn Søråni. På norsida renn Nordåni. Mellom dei to elvane ligg Jordalsbø.

Seks matrikkelgardar utgjer til saman grenda Jordalsbø: Nørstebø, Kolshus med Attestog, Såghus, Krosstog, Stuttstog og Nerhus.

Fylkesveg 322 går frå Bygland kyrkjebygd til Jordalsbø. Lokalt kallast denne vegen Jordalsvegen.

I gards- og ættesoga for Bygland skriv Reidar Bolling:

«Jordalsbø hallar mot sør-vest med små sletter og bratte bakkar. Jorda er god, djup og moldrik. Men ho er steinut og dyr å dyrke, noko som steinrøyser og steingjerde tydeleg vitnar om».

Historie

Grenda har namn etter den gamle garden Jordal. Han må ha femna om heile det noverande Jordalsbø. Garden var dela i høgmellomalderen, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt.

Kjelder

Kart

Laster kart...