Skilnad mellom versjonar av «Gunvald O. Abusdal»

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
s (Lenke på Torgeir Abusdal)
s (Robot: automatisk teksterstatning: (-Personer fra Evje og Hornnes kommune +Døde personer fra Evje og Hornnes kommune))
 
(7 mellomliggjande versjonar av 2 brukarar er ikkje viste)
Line 1: Line 1:
{{Person | bilde = | bildetekst = | fdag = | fmåned = | får = 1857| ddag = | dmåned = | dår = 1954}}  
{{Person | bilde = | bildetekst = | fdag = 3| fmåned = 4| får = 1875| ddag = 25| dmåned = 10| dår = 1954}}  
'''Gunvald O. Abusdal''' (fødd 1857, død 1954) var landhandlar og seinare butikkekspeditør i Hornnes. Han var sterkt engasjert i avholdsrøyrsla og losjearbeidet.
'''Gunvald O. Abusdal''' (fødd 1875 på Abusdal, død 1954 i Hornnes) var landhandlar og seinare butikkekspeditør i [[Hornnes]]. Han var sterkt engasjert i avholdsrøyrsla og losjearbeidet.


Gunvald dreiv landhandel på Byglandsfjord nokre år. Men handelen ville ikkje gå. Gunvald slutta då å drive forretning sjølv, og stod i staden i butikken til [[Torgeir G. Abusdal]] i Dåsnes, som han var i slektskap med.  
Gunvald dreiv landhandel på [[Byglandsfjord]] nokre år. Men handelen ville ikkje gå. Gunvald slutta då å drive forretning sjølv, og stod i staden i butikken til [[Torgeir G. Abusdal]] i [[Dåsnes]], som han var i slektskap med. Gunvald skal ha stått i same jobben i 57 år.


I 1916 kjøpte han eigedomen [[Nedre Dåsnes (bnr. 12)]] i Dåsnes. Det var på denne eigedomen dei første husa i Dåsnes hadde blitt sett opp. Han bygde på dei gamle husa så dei blei høgare. I 1923 selde han husa og halve eigedomen. Sjølv bygde han seg nye hus på det jordstykket han heldt igjen i handelen, [[Sørtun, bnr. 45]]. Denne nye eigedomen låg om lag 100 m lenger sør i Dåsnes. På denne eigedomen kom sonen [[Åsmund Abusdal]] til å starte opp med bensinstasjon. I dag har den vesle tappestasjonen blitt til den svære Esso-stasjonen i Dåsnes.
I 1916 kjøpte han eigedomen [[Nedre Dåsnes (Evje og Hornnes gnr. 7 bnr. 12)|Nedre Dåsnes]] i Dåsnes. Det var på denne eigedomen dei første husa i Dåsnes hadde blitt sett opp. Han bygde på dei gamle husa så dei blei høgare. I 1923 selde han husa og halve eigedomen. Sjølv bygde han seg nye hus på det jordstykket han heldt igjen i handelen, [[Sørtun (Evje og Hornnes gnr. 7 bnr. 45)|Sørtun]]. Denne nye eigedomen låg om lag 100 m lenger sør i Dåsnes. På denne eigedomen vart det etter kvart bygd ein liten bensinstasjon. I dag har den vesle tappestasjonen blitt til den svære Esso-stasjonen i Dåsnes.


Gunvald Abusdal seiast å ha vore ein snill og venesæl mann. Han var med i [[Hornnes kommunestyre]] nokre år. Men det var fråhaldssaka som var hjartesaka.
Gunvald Abusdal seiast å ha vore ein snill og venesæl mann. Han var med i [[Hornnes kommunestyre]] nokre år.  
 
Men det var fråhaldssaka som var hjartesaka. Her var han ein nybrottsmann. I 1902 blei han kjend med den verdsomspennande fråhaldsrøyrsla I.O.G.T. Han var med på å skipe heile fire losjer i si tid. Den første var på Byglandsfjord i 1902. Sidan var han med på å stifte losjen Åsdølen i [[Åseral]], losje i [[Evje]] og i 1920 starta han losjen Bondeguten i Hornnes. I denne losjen la han ned eit svært arbeid gjennom 30 år. I 1922 tok han verdslosjegraden, som er den høgaste grad innan godtemplarordenen. I 1940 fekk han veteranknappen, og fem år seinare blei han utnemd til æresmedlem.
 
==Utmerkingar==
*Æresmedlem i I.O.G.T


==Kjelder==
==Kjelder==
*[[Olav O. Uleberg]], ''[[Hornnes I, Gards- og ættesoge]]'', utgjeve av [[Hornnes bygdesogenemd]], 1969, s. 195-200  
*[[Olav O. Uleberg]], ''[[Hornnes I, Gards- og ættesoge]]'', utgjeve av [[Hornnes bygdesogenemd]], 1969, s. 195-200  
*[[Alfred Håvorstad]], ''Gunvald Abusdal - ein nybrottsmann'', artikkel i [[Jol i Setesdal]], 1976, s. 25-26


{{DEFAULTSORT:Abusdal, Gunvald O.}}
{{DEFAULTSORT:Abusdal, Gunvald O.}}
[[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]]  
[[Kategori:Døde personer fra Evje og Hornnes kommune]]
[[Kategori:Fødsler i 1857]]
[[Kategori:Butikkekspeditører]]
[[Kategori:Fødsler i 1875]]
[[Kategori:Dødsfall i 1954]]
[[Kategori:Dødsfall i 1954]]
[[Kategori:Butikkekspeditører]]

Siste versjonen frå 18. februar 2017 kl. 15:29

Gunvald O. Abusdal
Født: 3. april 1875
Død: 25. oktober 1954 (79 år)

Gunvald O. Abusdal (fødd 1875 på Abusdal, død 1954 i Hornnes) var landhandlar og seinare butikkekspeditør i Hornnes. Han var sterkt engasjert i avholdsrøyrsla og losjearbeidet.

Gunvald dreiv landhandel på Byglandsfjord nokre år. Men handelen ville ikkje gå. Gunvald slutta då å drive forretning sjølv, og stod i staden i butikken til Torgeir G. Abusdal i Dåsnes, som han var i slektskap med. Gunvald skal ha stått i same jobben i 57 år.

I 1916 kjøpte han eigedomen Nedre Dåsnes i Dåsnes. Det var på denne eigedomen dei første husa i Dåsnes hadde blitt sett opp. Han bygde på dei gamle husa så dei blei høgare. I 1923 selde han husa og halve eigedomen. Sjølv bygde han seg nye hus på det jordstykket han heldt igjen i handelen, Sørtun. Denne nye eigedomen låg om lag 100 m lenger sør i Dåsnes. På denne eigedomen vart det etter kvart bygd ein liten bensinstasjon. I dag har den vesle tappestasjonen blitt til den svære Esso-stasjonen i Dåsnes.

Gunvald Abusdal seiast å ha vore ein snill og venesæl mann. Han var med i Hornnes kommunestyre nokre år.

Men det var fråhaldssaka som var hjartesaka. Her var han ein nybrottsmann. I 1902 blei han kjend med den verdsomspennande fråhaldsrøyrsla I.O.G.T. Han var med på å skipe heile fire losjer i si tid. Den første var på Byglandsfjord i 1902. Sidan var han med på å stifte losjen Åsdølen i Åseral, losje i Evje og i 1920 starta han losjen Bondeguten i Hornnes. I denne losjen la han ned eit svært arbeid gjennom 30 år. I 1922 tok han verdslosjegraden, som er den høgaste grad innan godtemplarordenen. I 1940 fekk han veteranknappen, og fem år seinare blei han utnemd til æresmedlem.

Utmerkingar

  • Æresmedlem i I.O.G.T

Kjelder