Gunvald O. Abusdal

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Gunvald O. Abusdal
Født: 3. april 1875
Død: 25. oktober 1954 (79 år)

Gunvald O. Abusdal (fødd 1875 på Abusdal, død 1954 i Hornnes) var landhandlar og seinare butikkekspeditør i Hornnes. Han var sterkt engasjert i avholdsrøyrsla og losjearbeidet.

Gunvald dreiv landhandel på Byglandsfjord nokre år. Men handelen ville ikkje gå. Gunvald slutta då å drive forretning sjølv, og stod i staden i butikken til Torgeir G. Abusdal i Dåsnes, som han var i slektskap med. Gunvald skal ha stått i same jobben i 57 år.

I 1916 kjøpte han eigedomen Nedre Dåsnes i Dåsnes. Det var på denne eigedomen dei første husa i Dåsnes hadde blitt sett opp. Han bygde på dei gamle husa så dei blei høgare. I 1923 selde han husa og halve eigedomen. Sjølv bygde han seg nye hus på det jordstykket han heldt igjen i handelen, Sørtun. Denne nye eigedomen låg om lag 100 m lenger sør i Dåsnes. På denne eigedomen vart det etter kvart bygd ein liten bensinstasjon. I dag har den vesle tappestasjonen blitt til den svære Esso-stasjonen i Dåsnes.

Gunvald Abusdal seiast å ha vore ein snill og venesæl mann. Han var med i Hornnes kommunestyre nokre år.

Men det var fråhaldssaka som var hjartesaka. Her var han ein nybrottsmann. I 1902 blei han kjend med den verdsomspennande fråhaldsrøyrsla I.O.G.T. Han var med på å skipe heile fire losjer i si tid. Den første var på Byglandsfjord i 1902. Sidan var han med på å stifte losjen Åsdølen i Åseral, losje i Evje og i 1920 starta han losjen Bondeguten i Hornnes. I denne losjen la han ned eit svært arbeid gjennom 30 år. I 1922 tok han verdslosjegraden, som er den høgaste grad innan godtemplarordenen. I 1940 fekk han veteranknappen, og fem år seinare blei han utnemd til æresmedlem.

Utmerkingar[rediger]

  • Æresmedlem i I.O.G.T

Kjelder[rediger]