Evje Nikkelverk IS
Evje Nikkelverk AS var eit aksjeselskap skipa i 1872 av infanterikaptein (seinare oberst) Ferdinand Henriksen, systera si Thora Roscher (som nyleg hadde blitt enke etter bergmeister Roscher) og H. A. Thaulow. Aksjekapitalen skal ha vore på 120.000 kroner, fordelt på 300 aksjer kvar pålydande 400 kroner. I 1874 kjøpte Henriksen ut Roscher. I 1894 døydde Thaulow. Henriksen kjøpte også aksjane hans, og vart eineeigar av selskapet.
Evje Nikkelverk AS var selskapet som i 1872 starta opp gruvedrifta etter nikkel i Flåt gruve i Mykleåsen i Flatebygd i dåverande Evje kommune. Året etter, i 1873, fekk selskapet løyve til bygging av smeltehytte i Evje sokn. Smeltehytta blei bygd og sett i drift same året i Fossvik på austsida av Fennefossen. Denne vart Evje nikkelverk.
Selskapet skal ha blitt reorganisert i 1908. Eit nytt aksjeselskap med meir kapital bak seg blei skipa og overtok drifta. Også dette bar navnet Evje Nikkelverk.
Drifta ved Flåt gruve stansa opp i 1920. Fem år seinare blei Evje Nikkelverk slått konkurs. Gruvedrifta på Evje kom i gang igjen i 1927. Men då var det ikke lenger Evje Nikkelverk, men eit nytt selskap, Raffineringsverket AS, som overtok gruveanlegget og smelteverket og dreiv dette vidare til gruvedrifta stogga for godt i 1946.
Kjelder
- Olav Arne Kleveland, Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk, hefte utgjeven av Evje og Hornnes sogelag, 2000, s. 5
- Evje Nikkelverk på www.grinebiter.com
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band 2, 2003