Eldsnesvegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. januar 2017 kl. 11:44 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde av vegen)
Hopp til navigering Hopp til søk
Eldsnesvegen langs Otra ved fylkesgrensa. I bakgrunnen ser ein Ivelandsbrua.
Eldsnesvegen ved Kilefjorden Camping.
Foto: Geir Daasvatn

Eldsnesvegen er ein grusveg på austsida av Otra ved Kilefjorden Camping heilt sør i Evje og Hornnes. Han startar ved Fylkesveg 403 (Ivelandsvegen) rett vest for Hornesund bru (Ivelandsbrua) og går sørover til kommunegrensa mot Vennesla, som samstundes er fylkesgrensa mot Vest-Agder. Det ligg eindel fritidsbustader langs vegen, og eit nytt hyttefelt i Eldsnesheia ved fylkesgrensa. Vegen er stengd med bom.

Ein kan følge vegen, som er den den gamle trasèen til Setesdalsbanen, vidare frå fylkesgrensa til han munnar ut i Riksveg 9 i Kiledal nord for Kile i Hægeland. Heile denne vegstrekninga frå Kilefjorden Camping til Kiledal er ein del av Nasjonal Sykkelrute nr. 3.

Kjelder

  • Kommunekart.com
  • Vegkart for Eldsnesheia og Eldsnestoppen på heimesida til Evje og Hornnes kommune, dagsett 28. juli 2015

Kart

Laster kart...