Anders Torson Syrtveit

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. mars 2015 kl. 10:35 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Føyd til kilder for oppl.)
Hopp til navigering Hopp til søk

Anders Torson Syrtveit («Anders kyrkjebyggar») (fødd 1778) var ein kjend kyrkjebyggar på indre Agder på 1800-talet. Han sette opp ni kyrkjer i åra 1830-1880.

Foreldra til Anders var Tor Olson Solberg frå Iveland og Gunnild Ellefsdotter frå Vånne i Evje. Dei døydde begge kort tid etter at Anders var fødd, og han vaks opp hos halvbroren Olav Torson. Tømring var eit arbeid dei fleste unggutar kom borti på gardane før. Anders Torson gjekk grundigare til verks, og fekk ei betre opplæring i faget enn dei fleste. Alt i ung alder drog han rundt i bygdene på husbygging.

Anders budde nokre år hos ei søster på garden Li i Hornnes. Han kjøpte etter kvart denne garden. Men nokre år seinare, i 1814, selde han garden og kjøpte i staden eit bruk på Syrtveit i Evje. Frå då av tok han Syrtveit til etternamn.

Den første kyrkja Anders kyrkjebyggar skal ha vore borti, er Hornnes kyrkje. Han var med og såg på tilstanden til den gamle kyrkja i Hornnes. Dei sakkunnige kom til at ein burde bygge ny kyrkje. Ho vart bygd i 1826-1828. Truleg var Anders med i dette arbeidet. Men byggmeisteren var Leg Askildson frå Laudal i Vest-Agder. Det synte seg etter kort tid at arbeidet ikkje var godt nok utført. Tårnet var skeivt. Etter kvart vart det difor bygd nytt tårn. Dette arbeidet var det Anders Torson som utførte.

I 1827 bygde Anders kyrkjebyggar den første kyrkja si, Årdal kyrkje i Grendi i Bygland. Den åttekanta kyrkja i Hornnes skal ha vore modellen. Den neste han bygde opp var Hægeland kyrkje. I 1833 bygde han ei krosskyrkje i Evje. Ho vart ikkje så gamal. Grunnen under kyrkja var for laus, og det måtte byggast ny. Det skjedde i 1890.

I 1837 fekk Iveland ny kyrkje. Ivelendingen Anders Torson var sjølvskriven til å leie arbeidet. Iveland kyrkje er ei krosskyrkje.

Så kom året 1838. Anders Torson drog til Bygland for å bygge kyrkje der. «Nå skal eg bygge ei kyrkje som ho skal vere», skal han ha sagt. Men i mangt og mykje liknar ho på kyrkja i Iveland. Same året blei Hylestad kyrkje bygd. Her er sonen til Anders, Olav, oppgitt som byggmeister saman med faren. Hylestad kyrkje er ei åttekanta kyrkje med tårnet over våpenhuset.

I 1843 drog Anders kyrkjebyggar til Fyresdal og bygde Moland kyrkje. Her meinte fyrsdølane det var så vêrhardt at det ikkje var tilrådeleg med tårn på kyrkja. Moland kyrkje er ei krosskyrkje, men den dag i dag utan tårn. Kyrkja i Fyresdal er den einaste Anders Torson bygde utanfor Otra-dalføret.

Alt i 1844 var Anders attende i Setesdal. No sette han opp den åttekanta kyrkja på Sandnes i Bygland. Denne kyrkja stod på Sandnes til 1936, då ho vart flytta til Åraksbø. Valle kyrkje vart også bygd i 1844. Her skal igjen sonen Olav ha vore med som byggmeister. Valle kyrkje er ei krosskyrkje, men med ei noko anna løysing av takkonstruksjonen enn kyrkjene i Iveland og Bygland.

Anders var ikkje allstøtt oppteken med kyrkjebygging. Han tømra mange større og mindre hus. Han var mykje oppover i Setesdal, og austover mot Vegusdal, Mykland og Åmli.

Kjelder