Noke frå indre Agder

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Framsida til boka.

Noke frå indre Agder er ei bok utgjeve i 2014 med småstykke frå dagleglivet i indre Agder, hovudsakleg på 1800- og 1900-talet. Forfattar er Salve Øina. Boka er utgjeve på STAS forlag. 190 s.

Salve Øina seier sjølv at boka er skriven mest for slekt og etterkommarar, men at andre som har glede av å lese ho sjølvsagt er velkomne til det. Boka inneheld mykje interessant lokalhistorisk stoff frå heile indre Agder, men mest frå Iveland.

Innhald

  • Kilefjorden - ein viktig del av Otra
  • Då «Bjoren» gjekk på Kilefjorden
  • Tømmerfloting i Kilefjorden, Gåseflåfjorden og nedover
  • Gardar avhengige av Otra
    • Hodne austre
    • Odderstøl
    • Øyna
    • Skisland
  • Sølvsmeden, verdens beste mann
  • Gunnar Salveson Haugland, beste rosemålaren på Agder
  • Salve Salveson Moy
    • Skrivarfullmektigen
    • Moromannen
  • Fotografen Terkel Tveit
  • Samferdsla i eldre dagar
  • Gruvedrift i Iveland
  • Anders kyrkjebyggar
  • Ei rasulykke i Iveland i 1901
  • Hjuringar i Iveland
  • Anders Olsen med voltakorset
  • Jens Joenson som åtte skogen frå Kilesoga til Grosvannet
  • Ein preikesøndag i 1913 ved Iveland kyrkje
  • Då gamle-Salve fekk julefisken sin
  • Ein auksjonsdag i Øyna i 1931
  • Dramaet på Tingvollsletta i Iveland
  • Hangand-ups
  • Olav Tryggvason kjem til Otrastrand
  • Litteraturtilvisingar