Kraftlinja Holen - Skåreheia

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. april 2011 kl. 00:05 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (utvida meir)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kraftlinja Holen - Skåreheia er ei 103 km lang 420 kV kraftlinje frå Holen kraftverk i Bykle til Skåreheia i Vegusdal. Det kosta om lag ein milliard å bygge linja, som var ferdig i august 2009. Linja går gjennom Bykle, Valle, Bygland, Åmli og Froland før ho endar i Birkenes kommune. Statnett, som eig linja, bygde linja for å styrke sentralnettet slik at Norge betre kan gjere seg nytte av overføringskapasiteten som sjøkablane til Danmark og Nederland har. Konsesjon for ledningen vart søkt om alt i 1997, men stoppa då det vart usikkert om kablane til kontinentet ville bli bygde. I 2006 ba Statnett OED om å realitetsvurdere konsesjonssøknaden, og 6. juli 2007 vart den stadfesta.

Anlegget

Kraftlinja har totalt 309 master. Av desse er 252 bæremaster og 57 er forankringsmaster. Dei er frå 16 - 44 meter høge og ledningen heng i V-kjeder i bæremastene. Totalt vart det brukt ca. 4400 tonn stål for å bygge mastene. Kvar mast står på fire fundamentstabbar. For å lage desse vart det brukt 2100 kubikkmeter betong. Det meste av betongen og stålet vart frakta til byggeplassane med helikopter frå Riksveg 9. Ein slik helikopterplass var ved Setesdal Hotell i Bygland kommune, ein annan var på Åraksøyne i Valle kommune.

Den straumførande ledningen er til saman 955 km. Diameteren er 34 mm. Vekta av denne er 3300 tonn. I tillegg er det ein toppledning på 106 km med diameter på 21 mm. Det er også ein fiberoptisk kabel med 48 fibrar på linja.

Entreprenørar

Hovedkontrakten for å bygge kraftlinja var det entreprenørfirmaet Dalekovod frå Kroatia som fekk. Arbeiderane var kroatiske, men det var ein del lokale underentreprenørar:

Kjelder

Eksterne lenker