Kultursoge for Evje og Hornnes

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. september 2014 kl. 06:26 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt utf. oppl.)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kultursoge for Evje og Hornnes er gjeven ut i to band, band I i 1990 og band II i 2003. Forfattarar er Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland. Utgjevar er Evje og Hornnes bygdeboknemd. Evje og Hornnes Sparebank har ytt økonomisk støtte til utgjevinga.

Både Hornnes og Evje kommunar valde bygdesogenemder i 1920-åra. I begge bygdene blei det sett i gang innsamling og registrering av lokalt historisk stoff med det mål å gje ut bygdebøker.

Åra gjekk, og bygdebøkene kom ikkje. Men i 1968 fekk Hornnes si gards- og ættesoge, Hornnes I, Gards- og ættesoge, og i 1969 tok Olav O. Uleberg fatt på arbeidet med kultursoga for Evje og Hornnes.

Uleberg døydde i 1974, og Olav Arne Kleveland tok i 1987 på seg å fullføre manuskriptet etter Uleberg.

Fyrste bandet vart så altså utgjeven i 1990, medan det andre kom i 2003. Det blir for tida arbeidd med ei gards- og ættesoge for Evje, men ein veit i dag ikkje når ho kan bli skriven ferdig.

Innhald

Band I

Band II

Kjelde

  • Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, 1990, omslaget og føreordet