Lisle Gyvatn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. november 2024 kl. 17:35 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Geir Daasvatn flytte sida Lille Gyvatn til Lisle Gyvatn: KOrrekt navn iht. Kartverket)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Lisle Gyvatn med Hakefjellet og Vestre Trældal

Lisle Gyvatn er eit vatn i Bygland vesthei. Det ligg nord for Gyvatn og vest for Melejuvet like ved Hakefjellet og Skeisknuten. Lisle Gyvatn ligg 565 moh.

Det renn inn to større bekkar i Lisle Gyvatn, side om side. Gybekken kjem frå Vestre Trældal og Hukebuåni kjem frå Austre Trældal og Hukebuvatn. Båe bekkane er djupe og vanskelege å koma over i nedre del, men ved Åsdølsvadet stikk det opp høvelege steinar ein kan trø på. Namnet fortel om tidlegare samkvem mellom Setesdal og Åseral. Samla renn vatnet vidare inn i Melejuvet under namnet Meleåni. Til sist endar vatnet ut i Byglandsfjorden etter å ha gjort nytte for seg i turbinane til Melefallet kraftverk.

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...