Åsdølsvadet
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Reidar Tveito
Åsdølsvadet er namnet på ein stad ved Lille Gyvatn i Bygland. Frå Vestre Trældal kjem Gybekken, og frå Austre Trældal kjem Hukebuåni. Båe renn inn i Lille Gyvatn, side om side, og båe renn djupe og stille. Men på ein stad ligg ein grunne med oppstikkande steinar som gjer det greit å koma turrskodd over. Denne staden vert kalla Åsdølsvadet av di det har vore mykje samkvem mellom Bygland og Åseral gjennom tidene, og dette var eit far som vart mykje bruka.