Kåre Messel

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. november 2024 kl. 07:07 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Meir oppdatering etter død)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kåre Messel
Født: 15. november 1939
Død: 3. november 2024 (84 år)

Kåre Messel (fødd 15. november 1939, død 3. november 2024) var lektor. Han hadde størstedelen av yrkeslivet sitt som lærar ved Hornnes landsgymnas. Han budde i Futegarden i Hornnes saman med kona Kristi Wicklund.

Messel tok artium i 1959 og språkleg-historisk embetseksamen i 1968. Same år tok han pedagogisk eksamen. Han var lærar på Hardanger folkehøgskule 1969–1970 og lektor på Alta gymnas 1970–1976. Frå 1976 til han vart pensjonist var han lektor ved Hornnes gymnas.

Kåre Messel fekk saman med kona Kristi Wicklund Aust-Agder fylkeskommune sin bygningsvernpris for for god restaurering av dei gamle bygningane i Futegarden.

Kjelder