Kåre Messel
| Kåre Messel | ||
|---|---|---|
| Født: | 15. november 1939 | |
| Død: | 3. november 2024 (84 år) | |
Kåre Messel (fødd 1939) var lektor. Han hadde størstedelen av yrkeslivet sitt som lærar ved Hornnes landsgymnas. Han budde i Futegarden i Hornnes saman med kona Kristi Wicklund.
Messel tok artium i 1959 og språkleg-historisk embetseksamen i 1968. Same år tok han pedagogisk eksamen. Han var lærar på Hardanger folkehøgskule 1969–1970 og lektor på Alta gymnas 1970–1976. Frå 1976 til han vart pensjonist var han lektor ved Hornnes gymnas.
Kåre Messel fekk saman med kona Kristi Wicklund Aust-Agder fylkeskommune sin bygningsvernpris for for god restaurering av dei gamle bygningane i Futegarden.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 506
- Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 355
- Dødsannonse i Setesdølen nr. 76, 2024, side 2