Haukeli (Hornnes)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. oktober 2024 kl. 20:26 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Småpuss bildetekst)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gamle tufter i Haukelia 3. mai 2020.

Haukeli var ein husmannsplass på heia vest for Gunnarsåna i Hornnes. Plassen var gått ut frå gardsbruket Haugen i Hornnes-garden. Det skjedde på første halvdel av 1850-åra, kanskje rundt 1830. Plassen blei frikjøpt i 1906, og fråflytta for godt rundt 1910.

Til plass å vere måtte Haukeli vere ganske stor. På staden er det murar etter store hus og uthus. Eit stolpehus skal ha stått minst til 2. verdskrigen, og blei bruka som våpenlager av heimestyrkane.

Kjelder

Kart

Laster kart ...