Bispevegen (Hornnes)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. oktober 2024 kl. 09:20 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Byttet ut bildet med ett med lavere oppløsning)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Starten på Bispevegen frå Abusdalsvegen. Ein kan såvidt skimte at vegen er stengd med bom lenger framme.

Bispevegen i Hornnes (veg nr. 24) er ein privat skogsbilveg, stengd med bom, på heia mellom Espetveit og Kalland heilt sør-vest i Evje og Hornnes kommune. Vegen tek til frå Leiteskaret ved Abusdalsvegen og går sørover om lag 2 km til Bispetjønnane og Tellaugtjørni. Langs vegen, etter ca 1,5 km, passerer ein det freda kulturminnet Bispestolane. Det er mange fritidsbustader innover mot enden av vegen.

I eldre tider gjekk det ein gamal ferdsleveg i dette området. Han vart kalla «Bispeveien». Det var langs denne vegen honndølane og bjelldølane skyssa biskopen mellom desse grendene i gamle dagar, framover mot 1700-talet.

Kjelder

Kart

Laster kart ...