Stemmen (Jordalsbø)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. september 2023 kl. 11:32 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Byttet ut bildet med ett med lavere oppløsning)
Hopp til navigering Hopp til søk
Stemmen 15. juli 2017.

Stemmen er ein stor steinstem som blei sett opp i vestre enden av Jordalsvatn i Bygland heilt på starten av 1900-talet. Jordalsåna (i dag kalla Søråni) var flotingselv, og vatnet blei demd opp for å skaffe vatn til flotinga. Utbygginga av kraftverk i Setesdal, og den tilhøyrande vassdragsreguleringa, gjorde slutt på flotinga av tømmer i Otra og etter kvart også i sidevassdraga. Men den svære stemmen ved Jordalsvatn står der den dag i dag.

Rett sør for stemmen ligg ei likkvile. Etter segna skal det vere likkvila til «Vond-Jørund» Kvåle.

Kjelder