Flåni

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Flåni sett frå sør mot nord. Bruka i Flårenden til venstre og Rv-9 langs Flåstrondi ved austre breidda av Otra.
Sørenden av Flåni med garden Flårenden til høgre i biletet og Flåren bru i bakgrunnen.

Flåni (Flåne) er ei utviding, «eit langt og breitt stillevetne»[1], i Otra nordover frå garden Flårenden i Valle. Riksveg 9 kryssar Otra på Flåren bru i søre enden av Flåni. På austsida av Flåni ligg Flåstrondi, som er eit av dei mest rasutsette områda langs Rv-9. Men frå desember 2004 er riksvegen lagt lenger ut i vatnet på ei steinfylling, og det er bygd rasvollar og gjort andre sikringstiltak mellom vegen og fjellsida.

Kveasåni kjem ned den bratte fjellsida aust for Flåni. Her er bygd Kveasåni kraftverk.

Kjelder

Eksterne lenker

Referansar

  1. Alfred Ryningen, Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 14–15

Kart

Laster kart...