Flåstrondi

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Flåstrondi

Flåstrondi er ein parsell på Riksveg 9 i Valle kommune. Parsellen startar ved avkjørsla til Flårenden i sør og sluttar like før Sandnes i Valle. Strekningen er 2870 meter lang og utbygginga av parsellen (med unntak av ein 480 meter lang parsell som vart bygd ut i 1999) starta opp i august 2003. Den var formelt opna av fylkesordførar Oddvar Skaiaa med god hjelp av ordførar Steinar Kyrvestad og fylkesvegsjef Olav Ellevset onsdag 1. desember 2004. Då hadde vegen vore i bruk ei tid, men ein del av rassikringstiltaka måtte vente til våren 2005. Totalkostnad for arbeidet var 31,2 millionar kroner, og ein stor del av dette var finansiert av bompengeinnkrevinga i Setesdal.

Vegen er 7,5 meter brei. Den har fått to nye bruer: Flåren bru og Nordre Kveaså bru. I tillegg er Søndre Kveaså bru utvida. På vegstrekninga er det to busslommar. I arbeidet vart det flytta 23.350 m³ gravemasse og 53.000 m³ sprengingsmasse. Vegen er flytta lengre ned og ut i elva. Den nye vegen har difor færre svingar enn den gamle vegen, som er blitt brukt til å lag rasvollar og rasgroper. Det er bygd 930 meter rasvollar med rasgrop innanfor og 1250 meter lang rasgrop utan rasvoll. Det er sett opp to rasmurar på til saman 120 meter. Fjellet ovanfor vegen er blitt reinska og det er sett opp sikringsnett over eit fjellparti i nordre enden av anleggsparsellen. I alt er det brukt 27.000 m³ til rasvollar.

Sjå også[rediger]

Kjelder[rediger]