Fiskårdalen

Foto: Geir Daasvatn
Fiskårdalen er eit lite dalføre som strekker seg frå Røynli i Lognadalen i Åseral sør-austover forbi Håvestøl til Staven øvst i Dåsvannsdalen, på grensa mellom Åseral og Evje og Hornnes. I botnen av dalen renn Fiskånæ. Fylkesveg 3788 mellom Dåsnes og Røynli følger også dalbotnen. På vestsida av dalen ligg det karakteristiske Sletafjellet.
Historie
Ein mykje nytta kløv- og ferdsleveg i eldre tider gjekk frå Øvre Dåsvatn opp Linddalen til Håvestøl og vidare inn gjennom Fiskårdalen til Lognavatn. Lognavatn var på den tid eit slags sentrum i Åseral ved sida av Kyrkjebygda.
Kjelder
- Kart på nettsida til Statens Kartverk
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 276