Gunnar T. Rysstad
Gunnar Torgeirson Rysstad (fødd 27. mai 1867 på Heimigard Rysstad, død 23. juni 1928) var bonde, politikar og forfattar. Foreldra var Torgeir Gunnarson Rysstad og Torgerd Niklosdotter Hovet. Han gifta seg med Vilborg Olavsdotter Rysstad 23. november 1887.
Biografi
Då han var 14 år, vinteren 1881-1882, gjekk han på Amtsskulen, som det året var i Valle. Ein av lærarane var Jørgen Løvland. Så vikarierte han som lærar eit par vintrar før han vinteren 1884-85 gjekk på Vonheim folkehøgskule i Gausdal. Eit år, i 1888, var han handelsstyrar på Rysstad, frå 1890 dreiv han gard på Rysstad, men i 1896 tok han over ein gard faren åtte på Straume i Hylestad, og sidan budde han der.
Politisk engasjement
Gunnar T. Rysstad engasjerte seg i politikken og sat i heradsstyret for Hylestad kommune frå 1893 til 1925. Han var varaordførar og ordførar, formann i skulestyret, medlem av lagretten, skjønsmann og styreformann i Otradal skogeigarlag i åtte år. Frå 1903-1906 var han stortingsmann for Høgre, i 1918 var han varamann til Stortinget for Venstre og seinare var han varamann for det nystifta Bondepartiet.
Forfattar
Han var med i det frilynde ungdomslaget i Hylestad, og frå 1890 gav han ut det radikale bondebladet Sæbyggjen saman med Torgeir Bjørnaraa og Lars Liestøl. Mange dikt og artiklar kom frå hans hand i dette bladet, men han skreiv og i Fedraheimen, Den 17. Mai, Syn og Segn, Fædrelandsvennen og Agder Tidend. Alt i 1888 gav han ut den første diktsamlinga, som han kalla Sukk og song. I alt gav han ut fem diktsamlingar og eit historisk spel. Olav Bø var redaktør for ei minnebok, Hugsjå, med eit fyldig utval av forfattarskapen hans, som Det norske samlaget gav ut til hundreårsdagen hans i 1967.
Bibliografi
- Sukk og song 1888
- Femti dikt 1890
- Hugsjaa 1896 –
- Vaarnott 1904
- Orren spelar 1915
- Vigleik 1912 Historisk skodespel
- Hugsjaa – Nyutgjeving ved Olav Bø i 1967
Gjenbruk av tekstar
Gunnar T. Rysstad sine tekstar er blitt brukte som songtekstar. Mest kjent var nok omsetjinga han gjorde av Deilig er jorden til nynorsk som Fager er jordi, publisert i Syn og Segn i 1900. Den vart teken inn i Nynorsk Salmebok. Men også andre av tekstane hans har fått melodi og blitt spelte inn. Nokre av dei er:
- Tore på plata Eisemo av Ugagn 2013
- Vårliv på plata Min kvedarlund av Kirsten Bråten Berg 1988
- Fysst'an æ utå bygdo flate er spelt inn av Bjørgulv Straume på Luftslaget (kassett) 1990
- I fjødd å finne er spelt inn av mange, mellom andre Birgit Rike Lund og Bjørgulv Straume
Eksterne lenker og kjelder
- Valle kommune Gards og ættesoge Hylestad bind 1 side 208
- Gunnar Torgeirson Rysstad hos NSD
- Gunnar T. Rysstad hos Aasentunet