Urdalsknuten

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. mars 2022 kl. 11:43 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Meir lenkefiks)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Urdalsknuten med den nedrasa varden
Urdalen og Urdalsknuten
Foto: Reidar Tveito
Toppområdet
Foto: Reidar Tveito

Urdalsknuten er det høgaste fjellet i Valle og Sirdal kommune, og i Vest-Agder fylke. Fylkesgrensa mellom Aust og Vest-Agder går over toppen, som er 1433,6 meter over havet. Kartnamnet er Urdalsknuten, men Urdalsnuten vert og mykje nytta.

Varden på Urdalsknuten

På toppen vart det ikring 1910 reist ein staseleg varde som var 2,5 meter høg og firkanta i forma. Men så i 2010 hadde denne rasa ut, og vart liggjande som ei steinrøys. Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Vest-Agder, som har med forvaltinga av Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane-Frafjordheiane landskapsvernområde å gjera, løyvde 70 000 kroner til gjenreising av varden. Dette vart utførd av røynde folk, Eystein Greibrokk og Robert Mc Shane i august 2012. Ein nytta helikopter til frakt av naudsynt utstyr, og sjølve gjenreisinga tok 5 dagar. Nå skulle varden verta ståande i nye 100 år om ikkje turfolk kliv for mykje i den.

Korleis koma hit

Greiast er det å nytta båt over den ei mil lange Roskreppfjorden, om ein har bomnøkkel til nedkøyringsvegen frå Roskreppfjorddammen. Elles er det eit drygt stykke å gå til fots langs fjorden. Ein kan då nytta turistforeninga DNT Sør sine løyper og hytter.

Frå Berg i Valle kan ein gå etter merka løype til Bossbu turisthytte. Vidare derifrå må ein finna eigen veg over Tangevadsheii for å koma til Urdalsknuten frå aust.

Frå Bossbu eller frå Suleskarvegen kan ein fylgje løyper til Svartenut turisthytte. Frå Svartenut må ein finna eigen veg mot Gjuvvatn og kryssa over Juvassåna. Denne kan vera stri å koma over ved større vassføring. Vidare kan ein gå Urdalen til endes og koma til toppen frå sør. Nokre fylgjer heller ryggen vest for Urdalen i staden for å fylgje dalbotnen.

Kjelder

Kart

Laster kart ...