Hovlandsdalen

Hovlandsdalen er eit lite dalføre som ligg «på tvers» (aust-vest) i landskapet mellom Lislevatnet heilt aust i Evje og Hornnes kommune og Vågsdalsfjorden i Vegusdal heilt aust i Birkenes kommune, mot grensa til Froland. Landskapet på begge sider av dalen er typiske heiestrekningar med mykje snaufjell, myrar, vatn og lite skog. Gjennom Hovlandsdalen renn Hovlandsåna som kjem frå Høvringsvatn heilt nord-aust i Evje og Hornnes og munnar ut i Vågsdalsfjorden. I dalen ligg fleire gardar, mellom anna Lislevand i Evje og Hornnes og Øygarden, Myklebostad, Tveit, Ljosland, Hovland, Skåre, Flateland, Vågsdalen, Breisåsen og Vegusdal i Birkenes. Fylkesveg 42 mellom Evje og Arendal går gjennom dalen. Her ligg også den siste delen av dette vegsambandet som ennå ikkje har fått «gul midtstripe». Men i 2018 starta eit svært arbeid med å utvide vegstrekninga mellom Tveit i Vegusdal og Lislevand i Evje og Hornnes.
Overføring til Evje og Hornnes

Etter innbyggjarinitiativ i 2015 var det søkt om overføring av Hovlandsdalen/«Gamle Nygård krets» frå Birkenes kommune til Evje og Hornnes kommune. Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder traff i mars 2018 vedtak om slik overføring, med verknad frå 1. januar 2019.
Kjelder
- Olav Kristian Nygaard og Jens Vellene, Vegusdal og Vegdølane, kapittel 1 i Vegusdal - Kultursoge, utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, 2002, side 7-14
- Om overføring av Hovlandsdalen til Evje og Hornnes på nettsida til Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder
- Om vedtak om overføring av Hovlandsdalen fra Birkenes til Evje og Hornnes på nettsida til Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder
- Artikkel om overføring av Hovlandsdalen til Evje og Hornnes kommune på heimesida til kommunen